Om oss
Vesterland er ein Feriepark på Kaupanger i Sogn. Me har som mål å legge til rette fro at eit besøk til Sogn er eit kjekt besøk for store og små.
Gjennom dei siste åra har me utvida satsinga mot familie- og fritidsmarknaden, og har i dag tilbud for gjester i alle aldrar; basseng, Leikeland, Sauna (2026), Karaoke (2026), treningsstudio, golfsimulator (2020), sykkelutleige, bordtennis med meir.
Me veit at dei aller fleste som overnattar hjå oss først og fremst ynskjer å oppleve den majestetiske naturen Sognefjordregionen er kjend for. Difor strekk me oss langt for å legge til rette for at kvar gjest får mest mogleg ut av opphaldet sitt. Alle ansatte har oppdatert kunnskap om aktivitetar, attraksjonar og forhold i området.
Velkommen til oss!
Bilde frå Jostedalsbreen, 50 minutt frå Vesterland. Ⓒ Fjord Norway.
Nøkkelinformasjon
119 einingar fordelt på 12 hotellrom, 47 hytter med 2 soverom og 60 hytter med 1 soverom, alle med kjøkken og bad
450+ sengeplassar
Konferansekapasitet: 120+
Total restaurantkapasitet: 200
Midt i hjartet av Sognefjorden
Vesterland Feriepark ligg på Kaupanger i Sogndal kommune.
Her bur du midt i alt Sognefjorden-regionen har å tilby.
Eit kjekt besøk for store og små