top of page

Bestillingsvilkår

Alle vilkår gjeld ved bestilling direkte hjå Vesterland Feriepark AS, som for eksempel via nettside / digitale flater, telefon, e-post ol.

Ved bestilling gjennom reisebyrå eller tredjepart, vennligst sjå din ordrebekreftelse eller ta kontakt med tredjepart.

For personvernvilkår, trykk her.

Bestillingsvilkår overnatting

Avbestilling:
Om ikkje anna er oppgitt, er avbestilling gratis inntil 24 timar før innsjekk. Etter dette vil me belaste den første natta 100%.

No-show:
Ved manglande oppmøte (no-show), vert bestillinga belasta 100%.

Betaling:
Vesterland er eit kontantfritt hotel. Me aksepterer betaling via følgande bankkort: Visa, Mastercard, Maestro, American Express, JCB, Union Pay, Diners og Vipps.
Me vil som hovedregel ikkje trekke kortet ditt eller be om betaling før innsjekk, men føreheld oss retten til å samle inn og verifisere kredittkortopplysningar på førehand.

Skattar og avgifter:
Alle beløp inkluderer gjeldande mva-sats. Per 01.06.2022 er dette 12% for overnatting.

Bestillingsvilkår ved leige av bubil

Ved bestilling aksepterar leigetakar vilkåra under. Kontrakt med aksept av desse vilkåra skal signerast før leigeobjektet vert utlevert.

Ansvarleg utleigar er Vesterland Feriepark AS (org. nr. 925 344 699) (heretter omtala som utleigar).

  1. Leigebeløpet: Avtalt pris inkluderer mva, forsikring og 200 kilometer per døgn. Kilometer utover dette blir belasta kr. 2,50 per km. Leiga lyt betalast 100% ved bestilling. Avbestilling tidligare enn 10 døgn vert leiga refundert 100%. Andre utgifter som bompengar, skader, mangel på vask mm. betalast ved levering.

  2. Leigeperiode: Leigeperioden startar kl. 14 på leigeperiodens første dag, og avsluttast klokka 11.00 på leigeperiodens siste dag. Ved for sein levering pliktar kunden å betale kr 500 pr. påbegynte time bilen er sein. Dette er fordi bilen skal klargjerast og leggast ut att samme dag.

  3. Sjåfør: Alle sjåførar må vere fylt 25 år og hatt gyldig førarkort i minimum 6 mnd. (Klasse B). Alle sjåførar av bilen skal vere oppført i kontrakta.

  4. Ulovleg bruk: Bubilen skal kun nyttast til ferie- og fritidsføremål (ikkje festival). Skal den nyttast til næring, lyt leigetakar opplyse om dette og få samtykke frå utleigar. Framleige, vidarelån eller liknande aktivitet er ikkje tillete utan samtykke frå utleigar.

  5. Ulykker og forsikring: Alle ulykker eller skader inni/utapå bilen, skal varslas snarast mogleg utan opphald til utleigar. Eigenandel ved skade er kr. 10.000,- Denne lyt betalast i sin heilhet av leigetakar. Leigetakar er ansvarleg for å gyldig reiseforsikring i orden gjennom heile leigeperioden.

  6. Avbestilling: Avbestilling må skje seinast 10 dagar før avreise. Avbestilling etter dette vert ikkje refundert.

  7. Tilbakelevering: Leigeobjektet skal tilbakeleverast ferdig reingjord inni og utapå, med tømt toalett og full dieseltank. Gebyr: Vask utvendig: 500,- Vask innvendig 1.500,- vask av bad/toalett 1.500,- diesel kr. 25,- pr liter.

  8. Utleigaren (Vesterland Feriepark AS) sitt ansvar:

  • Utleigar skal sikre at bilen vert utlevert rein, desinfisert, og i godkjent stand.

  • Utleigar bekrefter at alle køyretøy-forsikringar og avgifter er betalte etter gjeldande lovverk.

  • Utleigar skal syte for at bilen vert utlevert med full dieseltank og propanflaske.

  • Utleigar er ikkje ansvarleg for tapt ferie og/eller forseinkingar som følge av feil/manglar på leigeobjektet.

bottom of page