Aktivitetar i nærområdet
I umiddelbar nærleik til Vesterland Feriepark finn du mange aktivitetar for store og små.
-

Sogn Folkemuseum
2 min køyretur / 1 km gange på skogsveg frå Vesterland
Eit friluftsmuseum med bortimot 40 historiske bygg frå mellomalderen fram til vår eiga tid. Gard med husdyr og eit flott uteområde.
-

Vitensenteret ViteMeir
2 min køyretur / 15 min gange (1.5 km) frå Vesterland
ViteMeir er eit vitensenter fullt av ulike aktivitetar for alle aldre. Utforsk vitenskapen og lær medan du har det kjekt i utstillinga.
-

Kaupanger Stavkyrkje
5 min køyretur frå Vesterland
Kaupanger stavkyrkje er den lengste stavyrkja i Noreg, og er særprega av sin reine stil. Den er ei av få stavkyrkjer som fortsatt er i aktiv bruk som soknekyrkje.
-

Padel
3 min køyretur / 10 min gange (1 km) frå Vesterland
Spel padel i idrettshallen på Kaupanger. 2 baner. Rackertar kan leigast på staden (vipps).
Booking gjennom idrettslaget sine nettsider.
-

Vandreturar
I området finst det mange gåturar med flott utsikt. Kaupangerholten, Storehogen, og Haugmelen er blant dei mest kjende. Spør oss om tips eller sjekk ut.no/kaupanger
-

Eidet badestrand
6 min køyretur / 25 - 30 min gange på grusveg frå Vesterland
Eidet er ei langgrunn sandstrand innerst i ein fjordarm, noko som ofte fører til gode badetemperaturar! Følg skogsvegen frå hytte 28D.
Lokasjon i Google Maps.
-

Tennisbane
3 min køyretur / 10 min gange (1 km) frå Vesterland
Spel tennis på tennisbana i idrettsparken på Kaupanger.
Booking gjennom idrettslaget sine nettsider.
-

Sogn Fjordmuseum
5 min køyretur frå Vesterland | Foto: Espen Mills
Opplev båt- og fjordliv i eldre tider med eit besøk på Sogn Fjordmuseum på Kaupanger.
-

Frisbeegolf
3 min køyretur / 10 min gange (1 km) frå Vesterland
Frisbeegolfbane med 4 ulike oppsett, opp til 20 hol per bane. Bana ligg i eit roleg og flott skogsområde.
-
Kaupanger sykkelpark
3 min køyretur / 10 min gange (1 km) frå Vesterland
Pumptrack i asfalt, like ved idrettsparken i Kaupanger.
Lokasjon i Google Maps.
-
Kaupanger stupetårn
5 min køyretur / 4,3 km frå Vesterland
Stupetårn i tre høgder: 1, 3 og 5 meter.
Lokasjon i Google Maps.
Eit kjekt besøk for store og små