Leikeland på Vesterland
Eit leikeland i Sogn
Velkommen til oss!
Med ein hall på 1550 kvardratmeter har borna ein fantastisk innandørs leikeplass i Sogndal! Leikelandet består av eit stort klaterestativ med sklier, tunnellar og labyrintar. I tillegg er det ulike hoppeslott, ballbinge, leikebilar, brannstasjon, politistasjon og sjukestove.
Billettar kan kjøpast i resepsjonen. Det er ikkje nødvendig å bestille på førehand.
Opningstider idag
Opningstidene varierer gjennom året.
Sjå her for full oversikt.
Prisar
Born 0 - 13 år: kr. 195,- (inkl. bading)
Vaksne: Gratis
Alle buande gjester i hytter eller hotellrom har gratis inngang i Leikeland!
Viktig: Born kan ikkje leike utan tilsyn. Me krev ein vaksen over 18 år per 7 born.
Reglar i Leikeland
1. Alle må ha på seg sokkar. Det er ikkje tillete å gå berføtt eller å nytte sko. Dette av hygieniske og sikkerheitsmessige årsaker
2. Alle born må vere i følge av ein myndig vaksen.
3. All leik skjer på eigen risiko. Eigenerklæring må fyllast ut ved kjøp av billett.
4. Medbrakt mat og drikke er ikkje tillete.
5. Mat, drikke, tyggegummi, godteri o.l. er ikkje tillete i leikeområdet, men kan nyttast i kafeen.
6. Det er ikkje tillete med spisse gjenstandar i lommer eller i/på klede.
7. Me anbefaler lang bukse og langerma gensar for å unngå skrubbsår.
8. Det er ikkje tillete å klatra på kanten av hoppeslotta eller oppover i skliene.
9. Alle må vere snille og vise omsyn til kvarandre, spesielt ovanfor dei minste borna.