Basseng og sauna
På Vesterland har me innandørs basseng og sauna inkludert i prisen for overnattingsgjester. Me tek óg imot andre badegjester.
Opningstider i dag:
Innandørs basseng
Vårt innandørs basseng held 33,5 grader i vatnet kvar dag, heile året.
Symjehallen har i tillegg til hovudbassenget også eit barnebasseng, samt sitjekrok for dei som vil slappe av. Kaffi, te, mineralvatn, frukt og snacks kan kjøpast i resepsjonen.
Alle lyt dusje før dei går i bassenget. Me har dusjmatter for babyar. Spør i resepsjonen.
Sauna
Sauna i symjehallen er inkludert for badegjester. Ungar kun i følge med vaksne.
Alle lyt dusje før og etter dei har vore i badstova. Det er ikkje høve å gå direkte fra bassenget til badstova eller omvendt.
Bruk kun reint vatn på ovnen. Vatn fra bassenget innheheld klor og kan vere helseskadleg å puste inn.
Opningstider
Måndag - fredag: 09.00 - 11.00 og 16.00 - 21.00
Laurdag og søndag: 09.00 - 21.00
Opningstidene varierar gjennom året. Sjå full oversikt her.
Reglar
15 års aldersgrense for bading utan foreldre eller annan føresett.
Påbudt med badebleie for alle under 3 år. Kan kjøpast i resepsjonen.
Alle lyt dusje før dei går i bassenget, samt før og etter sauna.
Bruk kun reint vatn på ovnen i saunaen.
Prisar
Gratis inngang for gjester i hotell/hytter.
Eitt besøk:
Vaksen: 150,-
Born: 0 - 14 år: 75,-
Familie (2 vaksne + 2 born): 375,-
Fleire besøk:
Klippekort 10 klipp, vaksen: 1 000,- (born = 1/2 klipp)
Klippekort 10 klipp, born: 500,-
Månadskort, vaksen (inkludert fri tilgang til treningsstudio): 500,-
Månadskort, born: 250-,
Eit kjekt besøk for store og små