Kjekke aktivitetar for den aktive familien
Området rundt Vesterland byr på mange ulike aktivitetar for familiar med born i alle aldrar! Her er nokre av våre tips, alle i umiddelbar nærleik til Vesterland.
Fottur til Kaupangerholten
Denne korte turen passar for heile familien. Sjølv om den ikke er særleg krevande, byr den på nydeleg utsikt.
Turen er ca. 2,7 km tur/retur, og varierer mellom skogsveg og sti. Startpunkt er 5 min køyring frå Vesterland.
Kaupangerholten. Falkeblikk / Visit Sognefjord.
Besøk Sogn Folkemuseum
Sogn Folkemuseum - De Heibergske Samlinger - ligg like ved Vesterland. Her finn du eit stort utandørs museum med bygningar frå ulike tider, leikeplass, gard og natursti. Alt ligg flott plassert spreidd over eit flott uteområde.
Følg skogsvegen frå hytte 28 på Vesterland, så kjem du til baksida av museumet. Gå gjennom området for å løyse billett i hovedbygget deira.
Foto: Besøkjande helsar på grisen på museet. Thomas Bickhardt/BickFoto
Frisbeegolf
Kaupanger frisbeegolfbane ligg i naturskjønne omgjevnader, berre ein kort tur frå Vesterland. Bana passar godt for både nybyrjarar og meir erfarne spelarar, og gir ein fin kombinasjon av aktivitet og naturoppleving for heile familien.
Ta med frisbee og følg stiane gjennom skog og ope landskap medan de prøver dykk på dei ulike hola. Dette er ein sosial og morosam aktivitet som passar for både små og store.
Du kan enkelt kome deg til bana med bil eller sykkel frå Vesterland. Ta kontakt i resepsjonen dersom du ønskjer tips eller meir informasjon.