26 items found for ""
- Overnatting, Leikeland, basseng, aktivitetar og restaurant | Sogndal, Sognefjord | Vesterland Feriepark
Velkommen til Vesterland! Vesterland Feriepark ligg på Kaupanger i Sogndal, og er eit perfekt utgangspunkt for å oppleve dei mange ulike kvalitetane Sognefjord-området byr på. Bestill overnatting Bestill aktivitetar Gjeldande opningstider Resepsjon, treningsstudio, golfsimulator og squash : Måndag - fredag: 09.00 - 11.00 og 16.00 - 21.00 Laurdag og søndag: 09.00 - 21.00 Basseng: Måndag - fredag: 09.00 - 10.00 og 16.00 - 21.00 Laurdag og søndag: 09.00 - 21.00 Vaksenbading måndag - torsdag: 19.30 - 21.00 Leikeland: Fredag: 16.00 - 21.00 Laurdag og søndag: 09.00 - 21.00 Sjå her for full oversikt over gjeldande og kommande opningstider . Aktivitetar Området rundt Vesterland har mange ulike aktivitetar for heile familien. Her finn du sykkelstiar, turløyper, museum, fjordcruise, vitensenter og mykje meir! Sjå aktivitetar Kafé Timber Sjå opningstider og meny frå restauranten vår; Kafé Timber. Sjå Kafé Timber Overnatting Vi har moglegheit for overnatting i hytter, leilegheiter og hotellrom, og også plassar til bubil og campingvogn. Sjå overnatting Leikeland I vårt eige Leikeland på 1550 kvadratmeter har borna ein fantastisk leikeplass. Sjå Leikeland Basseng Bassenget vårt held 33 grader i vatnet kvar dag, heile året. Vesterland er det einaste hotellet langs Sognefjorden med innandørs basseng! Sjå basseng Treningsstudio, golfsimulator og squash På Vesterland har me mange tilbod for den aktive gjesten! Les meir Kombiner opphaldet på Vesterland med eit fjordcruise i fantastiske omgjevnader! Saman med FjordX tilbyr me ulike fjordcruise på den vakre Sogndalsfjorden. Les meir og bestill Kart Her finn du oss! Me ligg på Kaupanger i Sogndal, og er eit perfekt utgangspunkt for å oppleve dei mange ulike kvalitetane Sognefjord-regionen byr på. Velkommen til Kaupanger, Sogn og Sognefjorden! Leig bubil hjå Vesterland Me har nye og moderne bubilar til utleige. Noreg er eit land med mange flotte perler, og ved å feriere med bubil har du moglegheit til å reise dit du vil, når det passar deg! Les meir og bestill
- 404 | Vesterland Feriepark
There’s Nothing Here... We can’t find the page you’re looking for. Check the URL, or head back home. Go Home
- Hotell, hytter og camping | Vesterland FerieparkOvernatting | Hytter, hotell og camping | Kaupanger, Sognefjord | Vesterland Feriepark
Hytte med 1 soverom Prisen er inkludert gratis inngang i Leikeland og bassenget ! Hytte med 1 soverom (Type A) Romslige hytter med soverom, stove, kjøkken og eige bad. Denne hytta passar for 2 - 3 personar. Soverommet har ei dobbeltseng eller to enkle senger. I stova er det ein sovesofa berekna til 1 person Internett og TV er tilgjengeleg i alle hytter. Nokre av hyttene er universelt utforma (tilpassa rullestol). Vennligst oppgi ved bestilling dersom dette er nødvendig. Sengetøy og handdukar er inkludert for 2 personar. Om ein ynskjer å nytte sovesofaen kostar dette 200,- per opphald (inkluderer ekstra dyne, pute, sengetøy og handdukar). Det er ikkje tillete å bruke medbrakt (eige) sengetøy. Hundar er tillete på forespørsel. Kr. 250,- per opphald. Av hensyn til gjester med allergi ber me om at du oppgjev dette ved bestilling. Utvask kan bestillast for kr. 350,-, eller ein kan vaske ut sjølv. Alt av nødvendig vaskeutstyr er inkludert. Nokre av hyttene er universelt utforma og tilrettelagt for rullestolbrukarar. Dersom dette er aktuelt for deg, kontakt oss . Bestill overnatting Hytte med 1 familierom Hytte med 1 familierom (Type A+) Romslige hytter med soverom, stove, kjøkken og eige bad. Denne hytta passar for 2 vaksne og 2 barn. Soverommet har ei dobbeltseng eller to enkle senger, og ei køyeseng (90cm). I stova er det ei sofagruppe. Internett og TV er tilgjengeleg i alle hytter. Sengetøy og handdukar er inkludert for 4 personar. Ein kan velge om ein vil vaske hytta sjølv (vaskeutstyr er tilgjengeleg i hytta) eller utvask kan bestillast for kr. 350,-. Bestill overnatting Prisen er inkludert gratis inngang i Leikeland og bassenget ! Hytte med 2 soverom Prisen er inkludert gratis inngang i Leikeland og bassenget ! Hytte med 2 soverom (Type B) Romslig hytte med to soverom, stove, kjøkken og eige bad. Denne hytta passar for 4 - 6 personar. Soverom nr. 1 har ei dobbeltseng eller to enkle senger. Soverom nr. 2 har ei køyeseng. I stova er det ein sovesofa berekna til 1 vaksen eller 2 born. Internett og TV er tilgjengeleg i alle hytter. Sengetøy og handdukar er inkludert for 4 personar. Om ein ynskjer å nytte sovesofaen kostar dette 200,- per opphald (inkluderer ekstra dyne, pute, sengetøy og handdukar). Hundar er tillete på forespørsel. Kr. 250,- per opphald. Av hensyn til gjester med allergi ber me om at du oppgjev dette ved bestilling. Utvask kan bestillast for kr. 350,-, eller ein kan vaske ut sjølv. Alt av nødvendig vaskeutstyr er inkludert. Bestill overnatting Hytte Superior Hytte superior Me har 4 hytter spesielt utforma med tanke på dine mest minneverdige høgdepunkt, som bryllaupsreiser eller bryllaupsdagar. Hytta består av eit soverom med ei ekstra god dobbeltseng, bad med dusj, godt utstyrt kjøkken og stove med sittegruppe og tv. Internett og TV er tilgjengeleg. Sengetøy og handdukar er inkludert. Kontakt oss gjerne om du har spesielle ynskjer for opphaldet ditt! Bestill overnatting Prisen er inkludert gratis inngang i Leikeland og bassenget ! Hotellrom Prisen er inkludert gratis inngang i Leikeland og bassenget ! Hotellrom Me har romslege hotellrom med behaglege kvalitetar som king-size senger (220cm breid) og boblebadekar. Hotellromma er tilgjengelege som enkelt-, dobbelt- eller familierom. Internett og TV er tilgjengeleg på alle rom. Alle romma har balkong. Hund eller andre dyr er ikkje tillate på hotellromma, men velkomne i hyttene våre . Alle prisar er utan frukost. Frukost kan bestillast for kr. 110,- per vaksen, kr. 55,- per born. Born under 5 år er gratis. Bestill overnatting Camping Camping Me har plassar til campingvogner og bubilar, utstyrt med straum, WiFi og vatn. Det er gratis å bruke campingplassen på Vesterland. Straum og bruk av toaletter er og gratis. De lyt derimot betale ordinær pris for Leikeland, bading, restaurant mm. Bestill camping
- Vandring | Vesterland Feriepark
VANDRING Gåturar med flott utsikt Denne sida er under utforming. Kontakt oss Kaupangerholten Lengde: Varigheit: Sesong: Vanskegrad: Lett Storehogen Lengde: Varigheit: Sesong: Vanskegrad: Middels - krevjande Haugmelen Lengde: Varigheit: Sesong: Vanskegrad: Middels Amlaholten Lengde: Varigheit: Sesong: Vanskegrad: Lett - middels Dueskar Lengde: Varigheit: Sesong: Vanskegrad: Middels Vinesåsen Lengde: Varigheit: Sesong: Vanskegrad: Sjå andre aktivitetar Leikeland Treningsstudio, golfsimulator og squash ViteMeir FjordCruise Sykkelutleige Vandring Sogn folkemuseum
- Kontakt oss | Vesterland Feriepark
Kontaktinfo Kontakt oss: Telefon: (+47) 57 62 71 00 E-post: post@vesterland.no Finn oss: Adresse: Vesterland Feriepark Vesterland, 6854 Kaupanger Opne i Apple Maps Opne i Google Maps Ta kontakt Navn Etternavn Email Telefonnummer Melding Send
- Sykkelutleige Sogn | Aktvitetar | Vesterland Feriepark
SYKKELUTLEIGE Sykkelutleige Kaupanger er kjent som eit eldorado for stisykling, med mange stiar som er tilrettelagte for offroad sykling. I tillegg finst det mange skogsvegar som passar fint for rolegare familieturar. Med ein av våre elektriske syklar blir turen enda lettare! Me leiger ut barnesyklar, ordinære syklar og el-syklar. For prisar og booking, send oss ein forespørsel; Send forespørsel Vi oppfordrar alle besøkande til å følge retningslinjene for stisykling på Kaupanger, utarbeida i samarbeid med grunneigarane. Sjå dei her! Sjå andre aktivitetar Leikeland Treningsstudio, golfsimulator og squash ViteMeir FjordCruise Sykkelutleige Sogn folkemuseum
- Fjordcruise Sogndal | Sognefjorden | Vesterland Feriepark
FJORDCRUISE Fjordcruise på Sogndalsfjorden Saman med vår samarbeidspartner Fjord X, tilbyr me to ulike fjord cruise på den vakre og urbane Sogndalsfjorden. Opplev historia om slaget ved Fimereite og ubåtjakta i Sognefjorden under den kalde krigen på vårt Vikingcruise (dagtid), eller bli med på eit koseleg kveldscruise innover den vakre Barsnesfjorden (kveldstid). Les meir og bestill under. Bestill fjordcruise Bestill fjordcruise Historisk Fjordcruise Sogndal - Fimreite - Sogndal Flott fjordtur i rolege farvatn utover fjorden fra Sogndal til Fimreite og tilbake. Opplev historien om slaget ved Fimreite i 1184, og ubåtjakta i Sognefjorden under den kalde krigen på ein fjordekskursjon til Fimreite og tilbake. Ruta startar og sluttar ved Dampskipskaien i Sogndal. Prisar (2022): Born under 5 år: Gratis Born 5 - 15 år: Kr. 190,- Vaksne 15+ år: Kr. 395,- Varigheit: 1t 40min Rullestolvennleg: Ja Bestill fjordcruise Bestill fjordcruise Kveldscruise på Barsnesfjorden Sogndal - Årøy - Sogndal Kosleg kveldstur inn den idylliske Barsnesfjorden. Me køyrer heilt inn til Årøyelva. Dette er ein avslappande roleg tur i stille farvatn. Undervegs får de informasjon om Årøyelva, laksefiske, sorenskrivarhuset på Loftesnes, Historien om trafikken over Loftesnessundet og Milorg-hovudkvarteret (Siskin) i Sogndal. Ruta startar og sluttar ved Dampskipskaien i Sogndal (sett inn kart nederst på sida). Prisar (2022): Born under 5 år: Gratis Born 5 - 15 år: Kr. 120,- Vaksne 15+ år: Kr. 245,- Varigheit: 60 min Rullestolvennleg: Ja Bestill fjordcruise Sjå andre aktivitetar Leikeland Treningsstudio, golfsimulator og squash ViteMeir FjordCruise Sykkelutleige Sogn folkemuseum
- Vilkår og betingelser | Vesterland Feriepark
Bestillingsvilkår Alle vilkår gjeld ved bestilling direkte hjå Vesterland Feriepark AS, som for eksempel via nettside / digitale flater, telefon, e-post ol. Ved bestilling gjennom reisebyrå eller tredjepart, vennligst sjå din ordrebekreftelse eller ta kontakt med tredjepart. For personvernvilkår, trykk he r. Bestillingsvilkår overnatting Avbestilling: Om ikkje anna er oppgitt, er avbestilling gratis inntil 24 timar før innsjekk. Etter dette vil me belaste den første natta 100%. No-show: Ved manglande oppmøte (no-show), vert bestillinga belasta 100%. Betaling: Vesterland er eit kontantfritt hotel. Me aksepterer betaling via følgande bankkort: Visa, Mastercard, Maestro, American Express, JCB, Union Pay, Diners og Vipps. Me vil som hovedregel ikkje trekke kortet ditt eller be om betaling før innsjekk, men føreheld oss retten til å samle inn og verifisere kredittkortopplysningar på førehand. Skattar og avgifter: Alle beløp inkluderer gjeldande mva-sats. Per 01.06.2022 er dette 12% for overnatting. Bestillingsvilkår ved leige av bubil Ved bestilling aksepterar leigetakar vilkåra under. Kontrakt med aksept av desse vilkåra skal signerast før leigeobjektet vert utlevert. Ansvarleg utleigar er Vesterland Feriepark AS (org. nr. 925 344 699) (heretter omtala som utleigar). Leigebeløpet: Avtalt pris inkluderer mva, forsikring og 200 kilometer per døgn. Kilometer utover dette blir belasta kr. 2,50 per km. Leiga lyt betalast 100% ved bestilling. Avbestilling tidligare enn 10 døgn vert leiga refundert 100%. Andre utgifter som bompengar, skader, mangel på vask mm. betalast ved levering. Leigeperiode: Leigeperioden startar kl. 14 på leigeperiodens første dag, og avsluttast klokka 11.00 på leigeperiodens siste dag. Ved for sein levering pliktar kunden å betale kr 500 pr. påbegynte time bilen er sein. Dette er fordi bilen skal klargjerast og leggast ut att samme dag. Sjåfør: Alle sjåførar må vere fylt 25 år og hatt gyldig førarkort i minimum 6 mnd. (Klasse B). Alle sjåførar av bilen skal vere oppført i kontrakta. Ulovleg bruk: Bubilen skal kun nyttast til ferie- og fritidsføremål (ikkje festival). Skal den nyttast til næring, lyt leigetakar opplyse om dette og få samtykke frå utleigar. Framleige, vidarelån eller liknande aktivitet er ikkje tillete utan samtykke frå utleigar. Ulykker og forsikring: Alle ulykker eller skader inni/utapå bilen, skal varslas snarast mogleg utan opphald til utleigar. Eigenandel ved skade er kr. 10.000,- Denne lyt betalast i sin heilhet av leigetakar. Leigetakar er ansvarleg for å gyldig reiseforsikring i orden gjennom heile leigeperioden. Avbestilling: Avbestilling må skje seinast 10 dagar før avreise. Avbestilling etter dette vert ikkje refundert. Tilbakelevering: Leigeobjektet skal tilbakeleverast ferdig reingjord inni og utapå, med tømt toalett og full dieseltank. Gebyr: Vask utvendig: 500,- Vask innvendig 1.500,- vask av bad/toalett 1.500,- diesel kr. 25,- pr liter. Utleigaren (Vesterland Feriepark AS) sitt ansvar: Utleigar skal sikre at bilen vert utlevert rein, desinfisert, og i godkjent stand. Utleigar bekrefter at alle køyretøy-forsikringar og avgifter er betalte etter gjeldande lovverk. Utleigar skal syte for at bilen vert utlevert med full dieseltank og propanflaske. Utleigar er ikkje ansvarleg for tapt ferie og/eller forseinkingar som følge av feil/manglar på leigeobjektet.
- ViteMeir | Aktvitetar | Vesterland Feriepark
VITEMEIR Velkommen til ViteMeir! ViteMeir er eit vitensenter fullt av ulike aktivitetar for alle aldre. Utforsk vitenskapen og lær medan du har det kjekt i utstillinga. Her er nokre av tinga du kan oppleve: · Kan du køyre lastebil? Test deg sjølv i lastebilsimulatoren vår · Utfordre dine problemløysingsevner i Sophus Lie sitt univers · Bli ein verdsmeister i fotballradaren vår · Spel eit spel på vår interaktive ballvegg Me ser fram til å ta imot deg! Overnattande gjester kan kjøpe rabatterte billettar i resepsjonen på Vesterland! Bestill billett Kva er eit vitensenter? Eit vitensenter er eit populærvitenskapleg opplevings- og læringssenter. Tenk deg ei blanding av teknisk museum, eit show, eit laboratorium og ein spennande leikeplass. Då har du eit lite inntrykk av kva me er. Vitensentera inspirerer born og vaksne til å utforske og søke nye opplevingar, og samarbeider med skuleverket om å utvikle ny kunnskap som samfunnet og næringslivet treng i framtida. Vitensenteret i Sogn og Fjordane AS er ansvarleg for produktet ViteMeir. Bestill billett VITEMEIR VR-simulator Eit besøk i VR-simulatoren vår kan ta deg med på opplevingar som er umoglege i den verkelege verda. Her kan du mellom anna: Bli med Admiral Sophus Lie til botn av Sognefjorden i hans spesialutvikla ubåt Ta turen 430 millionar år tilbake i tid for å lære om korleis landskapet vart til i den unike animasjonsfilmen Frå Vesterland til ViteMeir ViteMeir ligg 3 minutt med bil frå Vesterland, 15 minutt (1,5 km) til fots. Sjå fleire aktivitetar Leikeland Sogn folkemuseum FjordCruise Golfsimulator Squash Sykkelutleige Treningsstudio
- Studentovernatting | Sogndal | Vesterland Feriepark
Studentovernatting Vesterland Feriepark har lang erfaring med utleige til studentar og andre med behov for kort- eller langtidsleige. Me leiger ut einingar med eitt eller to soverom, alle med bad og kjøkken / stove. Me leiger ut på døgn- eller vekesbasis, eit godt alternativ som deg er deltidsstudent eller har samlingsbasert undervisning i Sogndal. Hytte med 1 soverom Hytte med 1 soverom Hytte med 2 soverom Hytte med 1 soverom 1/10 Prisar 2022 Alle prisar krev framvisning av gyldig studentbevis for HVL campus Sogndal. Prisane gjeld ikkje i periodar utan undervisning (f.eks. sommarferie). Med forbehold om tilgjengeleg kapasitet. Prisar for langtidsleige finn du i leigekontrakta vår . Pris pr. døgn Hytte 1 soverom kr. 1245 Hytte 2 soverom kr. 1545 Utvask kr. 350 eller kan vaske sjølv Pris pr. veke inntil 7 døgn Hytte 1 soverom kr. 3750 Hytte 2 soverom kr. 4250 Utvask kr. 350 eller kan vaske sjølv Pris pr. veke inntil 7 døgn ved bestilling av minimum 4 veker gjennom skuleåret: Hytte 1 soverom kr. 3250 Hytte 2 soverom kr. 3750 Utvask kr. 350 pr. time
- Kaupanger Stavkyrkje | Aktivitetar | Vesterland Feriepark
AKTIVITETAR KAUPANGER STAVKYRKJE Kaupanger stavkyrkje - "katedralen blant stavkyrkjene" Kaupanger stavkyrkje er den lengste stavyrkja i Noreg, og er særprega av sin reine stil. Den er ei av få stavkyrkjer som fortsatt er i aktiv bruk som soknekyrkje. Foto: Vegard Aasen, Veri Media Lang historie Kyrkja vart truleg reist på fyrste del av 1000-talet, men vart fort erstatta av ei kyrkje i dobbel storleik, på ca 43 m². Denne brann ned, og ein gong omkring 1140 og 1150 vart den noverande kyrkja reist. Den er 102 m² stor og har 22 stavar. Ingen andre kyrkjer kan måle seg med dette talet av stavar. Stavane har korkje kapitel eller utskjeringar, noko som gir kyrkja ei forsterka vertikal kjensle. Det er denne grunnen til at ho vert kalla "katedralen blant stavkyrkjer". Kyrkja har i dag 165 sitjeplassar. At kyrkja har vore i kontinuerleg bruk og framleis er soknekyrkje, er også med på å gje kyrkja sitt særpreg. Kaupanger stavkyrkje er den største i Sogn, og speglar med det, den sentrale plassen kaupangen hadde i høgmellomalderen. Opningstider 2022 Det er mogleg å få guida omvisning i stavkyrkja. Opningstider: 15. juni - 15. august Kvar dag: 10.00 - 17.00 Foto: Vegard Aasen, Veri Media Stavkyrkja er direkte knytt til storgarden Kaupanger Hovedgård. Arkeologiske registreringar syner at garden kan sporast attende til byrjinga av bronsealderen, 1800 f. Kr. Korleis gardsbusetjinga var den første tida veit vi lite om, men frå jernalderen tyder spora på at garden har vore blant dei større i området Kilde: Visit Sognefjord Her finn du kyrkja Kyrkja ligg ein kort biltur frå Vesterland. Sjå andre aktivitetar Sogn folkemuseum Leikeland Golfsimulator ViteMeir FjordCruise Sykkelutleige
- Aktivitetar for heile familien | Kaupanger, Sogndal, Sognefjord | Vesterland Feriepark
Bestill overnatting Aktivitetar Som gjest på Vesterland har du mange aktivitetar å velge blant, både hjå oss og i nærområdet. Her ser du våre anbefalte aktivitetar. Foto: Vegard Aasen, Veri Media Leikeland Golfsimulator Treningsstudio Squash Fjord Cruise i Sogndal ViteMeir Sykkelutleige Kaupanger Stavkyrkje Sogn folkemuseum Her finn du aktivitetane: