top of page

LEIKELAND I SOGN

Velkommen til Leikeland!

Med ein hall på 1550 kvardratmeter har borna ein fantastisk innandørs leikeplass i Sogndal! Leikelandet består av eit stort klaterestativ med sklier, tunnellar og labyrintar. I tillegg er det ulike hoppeslott, ballbinge, leikebilar, brannstasjon, politistasjon og sjukestove.

Billettar kan kjøpast i resepsjonen. Det er ikkje nødvendig å bestille på førehand.

Children in Indoor Playground
face emoji
face emoji

OPNINGSTIDER

Fredag: 16.00 - 21.00

Laurdag - søndag: 09.00 - 21.00

Stengt 09.00 - 16.00 søndag 20. oktober

Opningstidene varierer gjennom året. Sjå her for full oversikt.

Vesterland Leikeland

PRISAR

Born 0 - 13 år: kr. 185,- (inkl. bading)
Klippekort (10 klipp): 1 200,-
Vaksne: Gratis


Alle buande gjester i hytter eller hotellrom har gratis inngang i Leikeland!

 

Viktig: Born kan ikkje leike utan tilsyn. Me krev ein vaksen over 18 år per 7 born.

VESTERLAND LEIKELAND

Barnebursdag i Leikeland

Prisar: 5 - 9 born; 275,- per stk.

10 eller fleire born; 255,- per stk.

Tilgjengeleg fredag, laurdag og søndag.

Colorful Balloons

Me dekkar opp, ordnar matservering, og ryddar når bursdagen er ferdig. Bursdagspakken inkluderer leik og moro i Leikeland, pølse med brød eller pizza til mat (må velge ein av delene), 0,5L brus eller juice og valfri is. Bursdagsbarnet får Leikeland-t-skjorte (ved fleire enn 2 bursdagsbarn kjem eit tillegg på kr. 50,- per ekstra t-skjorte). De kan gjerne ta med eiga bursdagskake om det er ynskjeleg.

face emoji

Reglar i Leikeland

1. Alle må ha på seg sokkar. Det er ikkje tillete å gå berføtt eller å nytte sko. Dette av hygieniske og sikkerheitsmessige årsaker

2. Alle born må vere i følge av ein myndig vaksen.

3. All leik skjer på eigen risiko. Eigenerklæring må fyllast ut ved kjøp av billett.

4. Medbrakt mat og drikke er ikkje tillete.

5. Mat, drikke, tyggegummi, godteri o.l. er ikkje tillete i leikeområdet, men kan nyttast i kafeen.

6. Det er ikkje tillete med spisse gjenstandar i lommer eller i/på klede.

7. Me anbefaler lang bukse og langerma gensar for å unngå skrubbsår.

8. Det er ikkje tillete å klatra på kanten av hoppeslotta eller oppover i skliene.

9. Alle må vere snille og vise omsyn til kvarandre, spesielt ovanfor dei minste borna.

face emoji

Fleire aktivitetar

!
Widget Didn’t Load
Check your internet and refresh this page.
If that doesn’t work, contact us.
bottom of page