top of page

VITEMEIR

Velkommen til ViteMeir!

ViteMeir er eit vitensenter fullt av ulike aktivitetar for alle aldre. Utforsk vitenskapen og lær medan du har det kjekt i utstillinga.

Her er nokre av tinga du kan oppleve:

· Kan du køyre lastebil? Test deg sjølv i lastebilsimulatoren vår

· Utfordre dine problemløysingsevner i Sophus Lie sitt univers

· Bli ein verdsmeister i fotballradaren vår

· Spel eit spel på vår interaktive ballvegg

Me ser fram til å ta imot deg!

Overnattande gjester kan kjøpe rabatterte billettar i resepsjonen på Vesterland!

ViteMeir_6.jpeg

Kva er eit vitensenter?

Eit vitensenter er eit populærvitenskapleg opplevings- og læringssenter. Tenk deg ei blanding av teknisk museum, eit show, eit laboratorium og ein spennande leikeplass. Då har du eit lite inntrykk av kva me er. Vitensentera inspirerer born og vaksne til å utforske og søke nye opplevingar, og samarbeider med skuleverket om å utvikle ny kunnskap som samfunnet og næringslivet treng i framtida.

Vitensenteret i Sogn og Fjordane AS er ansvarleg for produktet ViteMeir. 

ViteMeir_99.jpeg

VITEMEIR

VR-simulator

Eit besøk i VR-simulatoren vår kan ta deg med på opplevingar som er umoglege i den verkelege verda.

Her kan du mellom anna:

  • Bli med Admiral Sophus Lie til botn av Sognefjorden i hans spesialutvikla ubåt

  • Ta turen 430 millionar år tilbake i tid for å lære om korleis landskapet vart til i den unike animasjonsfilmen

ViteMeir_97.jpeg

Frå Vesterland til ViteMeir

ViteMeir ligg 3 minutt med bil frå Vesterland, 15 minutt (1,5 km) til fots.

Sjå fleire aktivitetar
bottom of page