Museet
Store delar av kulturlandskapet på museet er knytt til 1800-talets jordbruk, og i sommarsesongen driv museet ein gard slik dei gjorde det i Sogn for omlag 150 år sidan.
Museumsgarden skaper liv i museet, og ikkje minst for borna gir husdyra museumsbesøket ein ekstra dimensjon. På garden kan de helse på dyr av eldre, lokale rasar, mellom anna kyr, sau, gris og høner. På friluftsmuseet er det lagt til rette for at born skal trivast. Her finn de ei mengde aktivitetar, leikeområde, naturløyper og eventyrskog, der born og familiar kan boltra seg og oppleve natur, kultur og levd liv i Sogn.
I museet sin store hovudbygning finn ein utstillingar knytt til jordbruk, handverk, tekstilar og klede, mat og drikke, og ei utstilling knytt til høgtidsdagane våre. Ein kan sjå gamle handverkarverkstader, gå på besøk til det gamle tannlegekontoret eller kika inn i den gamle krambua. Ei eiga utstilling for born og unge syner korleis bornas kvardagsliv arta seg på starten av 1900-talet og korleis unge sogningar hadde det i år 2000. Her er det og leike- og aktivitetsområde der borna kan prøve seg på gamle leiker.
I hovudbygningen ligg også museumsbutikken og den Debio sertifiserte museumskaféen vår, Kafé Heiberg. Kaféen tilbyr eit utval økologiske forfriskingar, varmt og kaldt drikke, samt noko å bita i.
Opningstider 2022
Februar - april
Tysdag - fredag : kl. 10 - 15
Mai*
Tysdag - søndag : kl. 10 - 15
Juni - august
Mandag - søndag : kl. 10 - 17
September
Tysdag - søndag : kl. 10 - 15
Oktober - desember*
Tysdag - fredag : kl. 10 - 15
*Stengt 1. og 17. mai. Stengt 18. des - 2. jan 2023
Frå Vesterland til Sogn Folkemuseum
Museet ligg 1 km i gangavstand gjennom ein roleg skogsveg frå Vesterland.