top of page

AKTIVITETAR

KAUPANGER STAVKYRKJE

Kaupanger stavkyrkje - "katedralen blant stavkyrkjene"

Kaupanger stavkyrkje er den lengste stavyrkja i Noreg, og er særprega av sin reine stil. Den er ei av få stavkyrkjer som fortsatt er i aktiv bruk som soknekyrkje. 

KaupangerStavkyrkje_foto_VegardAasen.jpg

Foto: Vegard Aasen, Veri Media

Lang historie

Kyrkja vart truleg reist på fyrste del av 1000-talet, men vart fort erstatta av ei kyrkje i dobbel storleik, på ca 43 m². Denne brann ned, og ein gong omkring 1140 og 1150 vart den noverande kyrkja reist. Den er 102 m² stor og har 22 stavar. Ingen andre kyrkjer kan måle seg med dette talet av stavar. Stavane har korkje kapitel eller utskjeringar, noko som gir kyrkja ei forsterka vertikal kjensle. Det er denne grunnen til at ho vert kalla "katedralen blant stavkyrkjer". 
Kyrkja har i dag 165 sitjeplassar.

At kyrkja har vore i kontinuerleg bruk og framleis er soknekyrkje, er også med på å gje kyrkja sitt særpreg. Kaupanger stavkyrkje er den største i Sogn, og speglar med det, den sentrale plassen kaupangen hadde i høgmellomalderen. 
 

Opningstider 2024

Det er mogleg å få guida omvisning i stavkyrkja. Opningstider:

15. juni - 15. august 

Kvar dag: 

10.00 - 17.00

Foto: Vegard Aasen, Veri Media

Stavkyrkja er direkte knytt til storgarden Kaupanger Hovedgård. Arkeologiske registreringar syner at garden kan sporast attende til byrjinga av bronsealderen, 1800 f. Kr. Korleis gardsbusetjinga var den første tida veit vi lite om, men frå jernalderen tyder spora på at garden har vore blant dei større i området

Kilde: Visit Sognefjord

kaupangerstavkyrkje.jpeg

Her finn du kyrkja

Kyrkja ligg ein kort biltur frå Vesterland. 

Sjå andre aktivitetar
bottom of page