
Historisk Fjordcruise
Sogndal - Fimreite - Sogndal
Flott fjordtur i rolege farvatn utover fjorden fra Sogndal til Fimreite og tilbake. Opplev historien om slaget ved Fimreite i 1184, og ubåtjakta i Sognefjorden under den kalde krigen på ein fjordekskursjon til Fimreite og tilbake.
Ruta startar og sluttar ved Dampskipskaien i Sogndal.
Prisar (2022):
Born under 5 år: Gratis
Born 5 - 15 år: Kr. 190,-
Vaksne 15+ år: Kr. 395,-
Varigheit: 1t 40min
Rullestolvennleg: Ja

Kveldscruise på Barsnesfjorden
Sogndal - Årøy - Sogndal
Kosleg kveldstur inn den idylliske Barsnesfjorden. Me køyrer heilt inn til Årøyelva. Dette er ein avslappande roleg tur i stille farvatn.
Undervegs får de informasjon om Årøyelva, laksefiske, sorenskrivarhuset på Loftesnes, Historien om trafikken over Loftesnessundet og Milorg-hovudkvarteret (Siskin) i Sogndal.
Ruta startar og sluttar ved Dampskipskaien i Sogndal (sett inn kart nederst på sida).
Prisar (2022):
Born under 5 år: Gratis
Born 5 - 15 år: Kr. 120,-
Vaksne 15+ år: Kr. 245,-
Varigheit: 60 min
Rullestolvennleg: Ja

Cidercruise
Sogndal - Fimreite - Sogndal
Saman med Haug Gard på Fimreite i Sogndal tilbyr me Cidercruise kvar laurdag frå 3. juni - 26. august.
Cidercruiset kombinerer ein guida båttur i flotte omgjevnader, smaking av lokal cider og gardsbesøk og ein sykkeltur med el-sykkel langs Sognefjorden.