top of page

Privacy Policy

​

Innledning: 

Desse retningslinjene gjeld korleis Vesterland Feriepark AS ("Vesterland") behandlar dine personopplysningar i ulike samanhengar, f.eks. når du overnattar hjå oss, bestiller ulike tenester hjå oss eller besøker nettstaden vesterland.no. 

 

Me behandlar personopplysningar i samsvar med norsk pernsonvernlovgivning, herunder General Data Protection Regulation (GDPR). 

 

Behandlingsansvarleg:

Vesterland Feriepark AS er ansvarleg for behandling av dei personopplysningar du direkte eller indirekte oppgir ved å bestille tenester hjå oss, overnatte hjå oss, besøkte nettsida vesterland.no m.m. 

 

Vesterland Feriepark AS 
Vesterland, 6854 Kaupanger 

Organisasjonsnummer: 925 344 699

Telefon: 57 62 71 00

E-post: post@vesterland.no

 

Behandling av personopplysningar:

Med "personopplysningar" meinast alle opplysningar om ein identifisert fysisk person eller ein fysisk person som kan identifiserast jfr. GDPR  artikkel 4 nr. 1. Ein fysisk person kan identifiserast direkte eller indirekte, ved hjelp av identifikatorar som f.eks. eit namn, eit identifikasjonsnummer, lokaliseringsopplysningar eller ein online-identifikator.

Me samlar inn dei personopplysningar me anser som nødvendige og relevante for å etablere eit kundeforhold med deg. Dette vil typisk innebere namn, telefonnummer, e-post og nasjonalitet. Det kan også innebere kortopplysningar. 

Rettsleg grunnlag for innsamling og oppbevaring av personopplysningar ved bestilling av overnatting eller andre tenester er GDPR artikkel 6, nr. 1, bokstav b («kontraktsmessig nødvendigheit») og/ eller GDPR artikkel 6, nr. 1, bokstav f («legitim interesse»).

Rettsleg grunnlag for innsamling og oppbevaring av personopplysningar ved generell kontakt og henvendelser er GDPR artikkel 6, nr. 1, bokstav b («kontraktsmessig nødvendigheit») og/ eller GDPR artikkel 6, nr. 1, bokstav f («legitim interesse»).

Opplysningane vert lagra så lenge det vert vurdert å vere nødvendig for å oppfylle våre avtalar med deg som kunde. 

Kritisk informasjon, herunder kortinformasjon, vert automatisk sletta etter utsjekk. 

 

Informasjonskapslar («cookies»):

Me nyttar informasjonskapslar på nettstaden vesterland.no. Dette vert brukt for å samle informasjon om kor mange som besøker nettsida, kvar desse kjem frå og kor ofte dei besøker nettsida. Informasjonskapslane anonymiserer all personleg informasjon. Om ein ikkje ynskjer å akseptere informasjonskapslar må du sjølv endre dette i din nettlesar. ​Per april 2024 vert ikkje informasjonskapslar nytta til andre formål enn anonymisert analyse og for å sikre at nettsida fungerer optimalt. 

 

Innsyn, retting og sletting: 

Etter GDPR artikkel 15 har du krav på innsyn i dei opplysningar som er registrert om deg. Innsyn kan ein få ved å henvende seg på e-post: post@vesterland.no. Dersom registrerte opplysningar er uriktige eller ufullstendige kan ein krevje desse retta jf. GDPR artikkel 16.  

Etter GDPR artikkel 17 kan du krevje personopplysningar som er lagra om deg sletta. Ta kontakt på post@vesterland.no om du ynskjer dette. 

bottom of page