top of page

26 items found for ""

  • Fjordcruise Sogndal | Sognefjorden | Vesterland Feriepark

    FJORDCRUISE Fjordcruise på Sogndalsfjorden Saman med vår samarbeidspartner Fjord X, tilbyr me to ulike fjord cruise på den vakre og urbane Sogndalsfjorden. Opplev historia om slaget ved Fimereite og ubåtjakta i Sognefjorden under den kalde krigen på vårt Vikingcruise (dagtid), eller bli med på eit koseleg kveldscruise innover den vakre Barsnesfjorden (kveldstid). Les meir og bestill under. Bestill fjordcruise Bestill fjordcruise Historisk Fjordcruise Sogndal - Fimreite - Sogndal ​ Flott fjordtur i rolege farvatn utover fjorden fra Sogndal til Fimreite og tilbake. Opplev historien om slaget ved Fimreite i 1184, og ubåtjakta i Sognefjorden under den kalde krigen på ein fjordekskursjon til Fimreite og tilbake. ​ Ruta startar og sluttar ved Dampskipskaien i Sogndal. ​ Prisar (2024): Born under 5 år: Gratis Born 5 - 15 år: Kr. 238,- Vaksne 15+ år: Kr. 475,- ​ Varigheit: 1t 45min Rullestolvennleg: Ja Bestill fjordcruise Bestill fjordcruise Kveldscruise på Barsnesfjorden Sogndal - Årøy - Sogndal ​ Kosleg kveldstur inn den idylliske Barsnesfjorden. Me køyrer heilt inn til Årøyelva. Dette er ein avslappande roleg tur i stille farvatn. ​ Undervegs får de informasjon om Årøyelva, laksefiske, sorenskrivarhuset på Loftesnes, Historien om trafikken over Loftesnessundet og Milorg-hovudkvarteret (Siskin) i Sogndal. ​ Ruta startar og sluttar ved Dampskipskaien i Sogndal (sett inn kart nederst på sida). ​ Prisar (2024): Born under 5 år: Gratis Born 5 - 15 år: Kr. 149,- Vaksne 15+ år: Kr. 298,- ​ Varigheit: 60 min Rullestolvennleg: Ja Bestill fjordcruise Bestill fjordcruise Cidercruise Sogndal - Fimreite - Sogndal ​ Saman med Haug Gard på Fimreite i Sogndal tilbyr me Cidercruise kvar laurdag frå 1. juni - 31. august, og kvar fredag mellom 5. juli - 2. august. ​ Cidercruiset kombinerer ein guida båttur i flotte omgjevnader, smaking av lokal cider og gardsbesøk og ein sykkeltur med el-sykkel langs Sognefjorden. ​ Les meir og bestill Sjå andre aktivitetar Leikeland Treningsstudio, golfsimulator og squash ViteMeir FjordCruise Sykkelutleige Sogn folkemuseum

  • Kontakt oss | Vesterland Feriepark

    Kontaktinfo Kontakt oss: Telefon: (+47) 57 62 71 00 E-post: post@vesterland.no ​ Finn oss: Adresse: Vesterland Feriepark Vesterland, 6854 Kaupanger Opne i Apple Maps Opne i Google Maps Ta kontakt Navn Etternavn Email Telefonnummer Melding Send

  • Overnatting | Hytter, hotell og camping | Kaupanger, Sognefjord | Vesterland Feriepark

    Overnatting Me har fleire ulike kategoriar for overnatting på hotell, i hytte eller på camping. Bestill overnatting Hytter, Hotell & Camping Hytter Me har hytter med 1 dobbeltrom, 1 familierom, 2 soverom og superiorhytter. Hotellrom Store hotellrom i enkelt- dobbelt eller familiekonfigurasjon! Camping Me har ca. 20 plassar til telt, bubil eller campingvogn! Studentovernatting og langtidsleige

  • Vandring | Vesterland Feriepark

    VANDRING Gåturar med flott utsikt Denne sida er under utforming. Last ned magasinet "25 Great Hikes in the Sognefjord Area" her for flotte fjellturar i Sognefjord-regionen. Kontakt oss Kaupangerholten Lengde: 2,7km Varigheit: 1 time Sesong: Heile året Vanskegrad: Lett Les meir og sjå kart Storehogen Lengde: Varigheit: Sesong: Vanskegrad: Middels - krevjande Haugmelen Lengde: Varigheit: Sesong: Vanskegrad: Middels Amlaholten Lengde: Varigheit: Sesong: Vanskegrad: Lett - middels Dueskar Lengde: Varigheit: Sesong: Vanskegrad: Middels Vinesåsen Lengde: Varigheit: Sesong: Vanskegrad: Sjå andre aktivitetar Leikeland Treningsstudio, golfsimulator og squash ViteMeir FjordCruise Sykkelutleige Vandring Sogn folkemuseum

  • Kart | Vesterland Feriepark

    Kart Her finn du oss og våre aktivitetar.

  • Aktivitetar for heile familien | Kaupanger, Sogndal, Sognefjord | Vesterland Feriepark

    Bestill overnatting Aktivitetar Som gjest på Vesterland har du mange aktivitetar å velge blant, både hjå oss og i nærområdet. Her ser du våre anbefalte aktivitetar. Foto: Vegard Aasen, Veri Media Leikeland Golfsimulator Treningsstudio Squash Fjord Cruise i Sogndal ViteMeir Sykkelutleige Kaupanger Stavkyrkje Sogn folkemuseum Her finn du aktivitetane:

  • ViteMeir | Aktvitetar | Vesterland Feriepark

    VITEMEIR Velkommen til ViteMeir! ViteMeir er eit vitensenter fullt av ulike aktivitetar for alle aldre. Utforsk vitenskapen og lær medan du har det kjekt i utstillinga. ​ Her er nokre av tinga du kan oppleve: · Kan du køyre lastebil? Test deg sjølv i lastebilsimulatoren vår · Utfordre dine problemløysingsevner i Sophus Lie sitt univers · Bli ein verdsmeister i fotballradaren vår · Spel eit spel på vår interaktive ballvegg Me ser fram til å ta imot deg! ​ ​ Overnattande gjester kan kjøpe rabatterte billettar i resepsjonen på Vesterland! Bestill billett Kva er eit vitensenter? Eit vitensenter er eit populærvitenskapleg opplevings- og læringssenter. Tenk deg ei blanding av teknisk museum, eit show, eit laboratorium og ein spennande leikeplass. Då har du eit lite inntrykk av kva me er. Vitensentera inspirerer born og vaksne til å utforske og søke nye opplevingar, og samarbeider med skuleverket om å utvikle ny kunnskap som samfunnet og næringslivet treng i framtida. ​ ​ ​ ​ Vitensenteret i Sogn og Fjordane AS er ansvarleg for produktet ViteMeir. Bestill billett VITEMEIR VR-simulator Eit besøk i VR-simulatoren vår kan ta deg med på opplevingar som er umoglege i den verkelege verda. ​ Her kan du mellom anna: Bli med Admiral Sophus Lie til botn av Sognefjorden i hans spesialutvikla ubåt Ta turen 430 millionar år tilbake i tid for å lære om korleis landskapet vart til i den unike animasjonsfilmen Frå Vesterland til ViteMeir ViteMeir ligg 3 minutt med bil frå Vesterland, 15 minutt (1,5 km) til fots. Sjå fleire aktivitetar Leikeland Sogn folkemuseum FjordCruise Golfsimulator Squash Sykkelutleige Treningsstudio

  • Hotell, hytter og camping | Vesterland FerieparkOvernatting | Hytter, hotell og camping | Kaupanger, Sognefjord | Vesterland Feriepark

    Hytte med 1 soverom Prisen er inkludert gratis inngang i Leikeland og bassenget ! Hytte med 1 soverom (Type A) Romslige hytter med soverom, stove, kjøkken og eige bad. Denne hytta passar for 2 - 3 personar. Soverommet har ei dobbeltseng eller to enkle senger. I stova er det ein sovesofa berekna til 1 person Internett og TV er tilgjengeleg i alle hytter. Nokre av hyttene er universelt utforma (tilpassa rullestol). Vennligst oppgi ved bestilling dersom dette er nødvendig. Sengetøy og handdukar er inkludert for 2 personar. Om ein ynskjer å nytte sovesofaen kostar dette 200,- per opphald (inkluderer ekstra dyne, pute, sengetøy og handdukar). Det er ikkje tillete å bruke medbrakt (eige) sengetøy. Hundar er tillete på forespørsel. Kr. 250,- per opphald. Av hensyn til gjester med allergi ber me om at du oppgjev dette ved bestilling. Utvask kan bestillast for kr. 400,-, eller ein kan vaske ut sjølv. Alt av nødvendig vaskeutstyr er inkludert. Nokre av hyttene er universelt utforma og tilrettelagt for rullestolbrukarar. Dersom dette er aktuelt for deg, kontakt oss . Bestill overnatting Hytte med 1 familierom Hytte med 1 familierom (Type A+) Romslige hytter med soverom, stove, kjøkken og eige bad. Denne hytta passar for 2 vaksne og 2 barn. Soverommet har ei dobbeltseng eller to enkle senger, og ei køyeseng (90cm). I stova er det ei sofagruppe. Internett og TV er tilgjengeleg i alle hytter. Sengetøy og handdukar er inkludert for 4 personar. Ein kan velge om ein vil vaske hytta sjølv (vaskeutstyr er tilgjengeleg i hytta) eller utvask kan bestillast for kr. 400,-. ​ Bestill overnatting Prisen er inkludert gratis inngang i Leikeland og bassenget ! Hytte med 2 soverom Prisen er inkludert gratis inngang i Leikeland og bassenget ! Hytte med 2 soverom (Type B) Romslig hytte med to soverom, stove, kjøkken og eige bad. Denne hytta passar for 4 - 6 personar. Soverom nr. 1 har ei dobbeltseng eller to enkle senger. Soverom nr. 2 har ei køyeseng. I stova er det ein sovesofa berekna til 1 vaksen eller 2 born. Internett og TV er tilgjengeleg i alle hytter. Sengetøy og handdukar er inkludert for 4 personar. Om ein ynskjer å nytte sovesofaen kostar dette 200,- per opphald (inkluderer ekstra dyne, pute, sengetøy og handdukar). Hundar er tillete på forespørsel. Kr. 250,- per opphald. Av hensyn til gjester med allergi ber me om at du oppgjev dette ved bestilling. Utvask kan bestillast for kr. 400,-, eller ein kan vaske ut sjølv. Alt av nødvendig vaskeutstyr er inkludert. Bestill overnatting Hytte Superior Hytte superior Me har 4 hytter spesielt utforma med tanke på dine mest minneverdige høgdepunkt, som bryllaupsreiser eller bryllaupsdagar. Hytta består av eit soverom med ei ekstra god dobbeltseng, bad med dusj, godt utstyrt kjøkken og stove med sittegruppe og tv. Internett og TV er tilgjengeleg. Sengetøy og handdukar er inkludert. ​ Kontakt oss gjerne om du har spesielle ynskjer for opphaldet ditt! Bestill overnatting Prisen er inkludert gratis inngang i Leikeland og bassenget ! Hotellrom Prisen er inkludert gratis inngang i Leikeland og bassenget ! Hotellrom Me har romslege hotellrom med behaglege kvalitetar som king-size senger (220cm breid) og boblebadekar. ​​ Hotellromma er tilgjengelege som enkelt-, dobbelt- eller familierom. Internett og TV er tilgjengeleg på alle rom. Alle romma har balkong. Hund eller andre dyr er ikkje tillate på hotellromma, men velkomne i hyttene våre . Alle prisar er utan frukost. Frukost kan bestillast for kr. 120,- per vaksen, kr. 60,- per born. Born under 5 år er gratis. ​ Bestill overnatting Camping Camping Me har plassar til campingvogner og bubilar, utstyrt med straum, WiFi og vatn. ​ Det er gratis å bruke campingplassen på Vesterland. Eventuell tilkobling til straum kostar kr. 100,- per natt. Gjester på campingen betalar ordinær pris for Leikeland, bading, restaurant mm. Bestill camping

  • Kaupangerholten | Vesterland Feriepark

    Kaupangerholten Romslige hytter med soverom, stove, kjøkken og eige bad. Denne hytta passar for 2 - 3 personar. Soverommet har ei dobbeltseng eller to enkle senger. I stova er det ein sovesofa berekna til 1 person ​ Internett og TV er tilgjengeleg i alle hytter. ​ Nokre av hyttene er universelt utforma (tilpassa rullestol). Vennligst oppgi ved bestilling dersom dette er nødvendig. ​ Sengetøy og handdukar er inkludert for 2 personar. Om ein ynskjer å nytte sovesofaen kostar dette 200,- per opphald (inkluderer ekstra dyne, pute, sengetøy og handdukar). Det er ikkje tillete å bruke medbrakt (eige) sengetøy. ​ Hundar er tillete på forespørsel. Kr. 250,- per opphald. Av hensyn til gjester med allergi ber me om at du oppgjev dette ved bestilling. Bestill overnatting

  • Sykkelutleige Sogn | Aktvitetar | Vesterland Feriepark

    SYKKELUTLEIGE Sykkelutleige Kaupanger er kjent som eit eldorado for stisykling, med mange stiar som er tilrettelagte for offroad sykling. I tillegg finst det mange skogsvegar som passar fint for rolegare familieturar. Med ein av våre elektriske syklar blir turen enda lettare! ​ Me leiger ut både ordinære og elektriske syklar til både vaksne og barn. Send forespørsel Vi oppfordrar alle besøkande til å følge retningslinjene for stisykling på Kaupanger, utarbeida i samarbeid med grunneigarane. Sjå dei her! Prisar 2023 Prisar for leige av elektriske syklar. Alle prisar inkluderer hjelm. Duration Adults Children Family (2a + 2c) Full day NOK 700,- NOK 550,- NOK 1 950,- 3 Hours NOK 520,- NOK 390,- NOK 1 430,- Sykkelruter og kart Dueskar og Fimreite ​ Lengde: 42km Varigheit: 5 - 6 timar ​ ​ Sjå andre aktivitetar Leikeland Treningsstudio, golfsimulator og squash ViteMeir FjordCruise Sykkelutleige Sogn folkemuseum

  • Pakker og prissetting | Vesterland Feriepark

    Choose your pricing plan Klippekort kr 2 400 2 400kr Valid for one year Select Golfsimulator

  • 404 | Vesterland Feriepark

    There’s Nothing Here... We can’t find the page you’re looking for. Check the URL, or head back home. Go Home

bottom of page