BUBILUTLEIGE

Moderne bubilar

Me har nye og moderne bubilar til utleige. Noreg er eit land med mange flotte perler, og ved å feriere med bubil har du moglegheit til å reise dit du vil, når det passar deg. Me hjelper deg gjerne med inspirasjon og ruteplanlegging.

bubil.jpeg

Solifer T-738

Med ei dobbeltseng og senkeseng over sittegruppa er denne perfekt for familieturen.

 

Førarkort kl. B. (totalvekt 3.500 - 2.775 kg= maks 725 kg last.)

 


Fasilitetar

  • Gir: manuell

  • Forsikring

  • Markise

  • Sykkelstativ

  • Navigasjon

  • Kjøleskåp og frys

  • Komfyr

  • TV

PRISAR

Lågsesong (1. september - 31. mai):

Døgn: kr. 1 950,- (minimumsleige: 3 døgn)
Veke: 11 000,-

1 flaske propangass inkludert. Sengetøy og handdukar er inkludert. Inkludert køyrelengd: 200 km / døgn.

Høgsesong (1. juni - 31. august):

Veke: kr. 15 000,-

Leigeperioden går frå fredag - fredag.

1 flaske propangass inkludert. Sengetøy og handdukar er inkludert. Inkludert køyrelengd: 200 km / døgn.

BUBILUTLEIGE

Solifer T-738

SOLIFER+T378+VESTERLAND+1.jpeg
SOLIFER+T378+VESTERLAND+2.jpeg

Vilkår

 

Ved bestilling aksepterar leigetakar følgande vilkår:

Ansvarleg utleigar er Vesterland Feriepark AS (org. nr. 925 344 699) (heretter omtala som utleigar).

1. Leigebeløpet: Avtalt pris inkluderer mva, forsikring og 200 kilometer per døgn. Kilometer utover dette blir belasta kr. 2,50 per km.
Det lyt betalast kr. 4.500 ved bestilling, og resten ved utlevering. Avbestilling tidligare enn 14 døgn vert leiga refundert 100%.
Andre utgifter som bompengar, skader, mangel på vask mm. betalast ved levering.

2. Leigeperiode: Leigeperioden startar kl. 14 på leigeperiodens første dag, og avsluttast klokka 11.00 på leigeperiodens siste dag. Ved for sein levering pliktar kunden å betale kr 500 pr. påbegynte time bilen er sein. Dette er fordi bilen skal klargjerast og leggast ut att samme dag.

3. Sjåfør: Alle sjåførar må vere fylt 25 år og hatt gyldig førarkort i minimum 6 mnd. (Klasse B). Alle sjåførar av bilen skal vere oppført i kontrakta.

4. Ulovleg bruk: Bubilen skal kun nyttast til ferie- og fritidsføremål (ikkje festival). Skal den nyttast til næring, lyt leigetakar opplyse om dette og få samtykke frå utleigar. Framleige, vidarelån eller liknande aktivitet er ikkje tillete utan samtykke frå utleigar.

5. Ulykker og forsikring: Alle ulykker eller skader inni/utapå bilen, skal varslas snarast mogleg utan opphald til utleigar. Eigenandel ved skade er kr. 10.000,- Denne lyt betalast i sin heilhet av leigetakar.
Leigetakar er ansvarleg for å gyldig reiseforsikring i orden gjennom heile leigeperioden.

6. Avbestilling: Avbestilling må skje seinast 10 dagar før avreise. Avbestilling etter dette vert ikkje refundert.

7. Tilbakelevering: Leigeobjektet skal tilbakeleverast ferdig reingjorde inni og utapå, med tømt toalett og full dieseltank.
Gebyr: Vask utvendig: 500,- Vask innvendig 1.500,- vask av bad/toalett 1.500,- diesel kr. 25,- pr liter.

8. Utleigaren (Vesterland Feriepark AS) sitt ansvar:

  • Utleigar skal sikre at bilen vert utlevert rein, desinfisert, og i godkjent stand.

  • Utleigar bekrefter at alle køyretøy-forsikringar og avgifter er betalte etter gjeldande lovverk.

  • Utleigar skal syte for at bilen vert utlevert med full dieseltank og propanflaske.

  • Utleigar er ikkje ansvarleg for tapt ferie og/eller forseinkingar som følge av feil/manglar på leigeobjektet.