Countrygalla og julebord med Vassendgutane, Lucky Lips og Black Sheep den 28. november.
Musikken startar kl. 20.00

Julebord med billett kr. 795,- (Julebuffét fra kl. 18.00 - 19.45)
Billett (førehandsal Resepsjonen på Vesterland og Statoil Sogndal) kr. 350,- Billett i døra kr. 395,-
18 års-grense i Vesterlandhallen og 20 års-grense i Pianobaren
Bestil på epost: adm@vesterland.no Velkomen !
HUSK bongsystemet.
Ingen barar i hallen tek kontantar.
Bongar vert seld på førehandsal og i ein skranke rett innanfor inngangen til hallen og i resepsjonen under arrangementet. 1 bong for mineralvatn, og 2 bongar for øl, vin og rusbrus.
Busstransport
Til Vesterland:
Leikanger-Sogndal-Vesterland kl. 18.50
Luster-Sogndal-Vesterland kl. 18.20
Sogndal-Vesterland kl. 19.30
Øvre Årdal-Vesterland kl. 19.10
Lærdal - Vesterland kl. 19.20
Aurland - Vesterland kl. 18.48
Frå Vesterland:
Vesterland-Sogndal-Leikanger kl. 02.00
Vesterland-Sogndal-Luster kl. 02.00
Vesterland-Mannheller kl. 02.30
Vesterland - Sogndal kl. 03.00
_______________________________________________________
Wenche Myhre, Ole Ivars og Fernando duo den 21. Mars 2009

540 gjester fekk gleden av å oppleve Wenche Myhre i toppform med ein handplukka kvartett beståande av:
Keyboard: Peter Ljung
Gitar: Jens Thoresen
Bass: Tom Erik Antonsen
Slagverk: Erik Smith

Wenche med kvartetten framførde eit show på 50 minutt som starta med "66" og inneheldt alt frå eigne låtar, Alf Prøysen viser og ABBA til mange gode gamle slagerar. Wenche avslutta showet med "vi lever". Fantastisk prestasjon og eit utruleg flott show !
Ole Ivars leverte det ypparste av dansemusikk i Norge

For andre gang på Vesterland leverte Ole Ivars det som fekk alle gjestene til å forlate stolane til fordel for dansegolvet.
Dette er ein kjempefin gjeng å ha i hus !
Wenche Myhre og William fra Ole Ivars
Takk til Fernando duo
som stilte opp på kort varsel for Odd Rogers som måtte melde avbud med god grunn.
Fernando stilte denne gongen som duo. Dersom me får ein passande anledning vil me prøve å ha heile bandet ein gong. Flott dansemusikk og masse glade gjester på dansegolvet. Takk for at de kom !
Velkommen tilbaker alle saman !
_______________________________________________________
2008
Tusen takk til alle gjester !
Den 29.november var det fullt hus i Vesterlandhallen. Det var til saman 1240 gjester på årets julebord og countrygalla med Vassendgutane, Kruttrøyk og Gunslingers.

Førehandsalet av 1100 billettar var utsolgt nesten 3 veker før. Dei siste 100 billettane var holdt av til å selje i døra.
Med dei 40 inviterte gjestene var det til saman 1240 gjester her som er fullt hus og ny rekord.
_______________________________________________________
2007

1117 på julebord og juledans i Vesterlandhallen den 1. des. 2007.
Steinar Engelbrektson Band starta dansen kl. 20.00. Åsmund Åmli band fekk opp stemninga i salen dei neste to timane før Vestlandsfanden slapp til med nye og gamle slagerar som slo an i aldersgrupper spreidd over 3 generasjonar. De 700m2 dansegolvet var stappfullt då Steinar Engelbrektson band avslutta med "på grunn av bagateller" i Vesterlandhallen på Vesterland Resort i Sogndal.
Som ei lita trøst til dei som kom seint og ikkje fekk høyra Åsmund Åmli Band, vil me seia at dei er så populære her at me sannsynlegvis vil bestille dei att til eit anna arrangement.
Me takkar våre gjester for eit velukka arrangement, og ynskjer velkomen til neste gong.
|